Uskedal Vassverk har sendt informasjonsskriv til grunneigarar og huseigarar på Nedre Feet, Eik og Padlane. Der gjeld legging av ny hovudvassleidning frå behandlingsanlegg på Eik og ned til fylkesvegen.
Arbeidet med den nye hovudvassleidningen er planlagt med start no i september. Arbeidet skal utførast av Hæhre Entreprenør AS ved K. Hjelmeland. Røyrleggjar vert Johansen Rør AS. Alt i fjor haust vart det lagt ei strekke på om lag 150 meter ned gjennom svingane på den kommunale vegen.

No skal det leggjast 252 meter frå svingen og ned til fylkesvegen. Dette arbeidet vil bli i samarbeid med Kvinnherad kommune som ynskjer å leggja ny overvassleidning langs den kommunale vegen og ned til fylkesvegen. Vegen vert då stengt i lengre periodar. Omkøyring vert om Padlaporsen for dei som nyttar den kommunale vegen til dagleg. Skilting vert sett
opp. Øvre del av vegen om Padlaporsen vert grusa opp før omkøyring kan starta.


Det vert også lagt ny vassledning langs privat veg i eksisterande grøft, 352 meter opp til behandlingsanlegget. Her må også dei som bur langs denne vegen, rekna med stenging i periodar. Den gamle leidningen frå behandlingsanlegget og ned til fylkesvegen på Nedre Feet vert fasa ut. Det vert difor laga ei mellombels løysning for dei 7 bustadane som ligg i dette området.


Tekst: Henta frå skriv til grunneigarane
Foto/nett: Kristian Bringedal