Det er innført ei ny tilskotsordning til arbeid med kultur og folkehelse. Tilskotet gjeld mindre prosjekt, arrangement, nyskaping og utvikling. Søknadsfristen er 1. mai 2025. Bakgrunnen er at i ein periode har søknader til mindre prosjekt, som til dømes bokproduksjon, vorte handsama i Formannsskapet. Rådmannen bad om sak der slike saker vert lagt fram for Levekårsutvalet for vedtak.

Her er døme på kva det kan søkjast støtte til:

  • Utgifter til mindre prosjekt
  • Støtte til enkeltståande arrangement
  • Kostnader med bokproduksjon ( Jfr. bilete på topp )
  • Støtte til mindre formidlingsprosjekt
  • Støtte til kulturverntilatk
  • Støtte til gjenbruksretta tiltak.

Tilskotsordninga er sosialt retta innan idrett, friluftsliv og kultur. Søknadar som er underbygd av inkludering, mangfald og rekruttering vert prioritert. Ordninga skal byggje opp under utviklinga i lokalsamfunnet.

Øvre grense for tildelt tilskot kan utgjere 1/3 av faktiske kostnadar. Maksimum støtte er kr 30 000 per prosjekt.

Søknadsfrist: 1-2 rundar pr kalenderår, vår og haust.

Søknadar vert handsama av Levekårsutvalet i Kvinnherad kommune.

Tekst/nett: Kristian Bringedal - henta frå Kvinnherad kommune si heimeside
Foto: Arkivfoto