"Ny " SPAR i Uskedalen i mars månad.
SPAR Uskedalen startar no arbeidet med å oppgradera butikken. Det vil bli investert ca 5 millionar for at vi skal bli meir berekraftig. Det blir nye kjølediskar, ny ventilasjon, ledlys, nytt kjøken og oppdatert profil. Alt dette gjer vi for å spara energi og miljøet. Winntec ved Roy Døssland, har starta arbeidet med å legga til rette for nye kjølediskar som skal over på CO2. Utskifting av diskar vil bli ein omfattande jobb. Av sikkerhetsgrunnar må vi difor stenga butikken mandag-torsdag 6. -9. mars. Posten og PostNord vil bli open. Sjå oppslag i butikken. Vi beklager at det vil bli litt “rot” ein periode. Men vi lovar at det kjem til å bli ein flott ny butikk. Gled deg til “NY” SPAR USKEDALEN i mars månad.
Tekst: Melding frå SPAR Foto: Arkivfoto - Thor Inge Døssland Nett: Kristian Bringedal