Det er varsla sak i Kommunestyret torsdag 19. juni om brannstasjonane i Kvinnherad. Det er siste er at ein vil byggja ny stasjon på Seimsfoss som skal erstatta noverande stasjon i Rosendal i tillegg til Uskedalen, Åkra og Sunndal. Før vedtak 19. juni skal saka opp i fagutvalet og i Formannsskapet.

For Uskedalen sin del er dette ei gjengangarsak. Sist saka var oppe var vedtaket at Uskedalen fekk behalda sin stasjon. Administrasjonen vart pålagt ei utgreiing som gjekk på opprustning og/eller nybygg.

Ei arbeidsgruppe i Uskedal Utvikling jobbar tett på det politiske miljøet om å halda fram med stasjon og tropp i Uskedalen. Det er sendt uttale som vert lagt ved saka. Arbeidsgruppa har også skisse og plan til korleis ein kan utvikla ein stasjon i Uskedalen som oppfyller dagens krav til brannberedskap.

Meir om dette kjem i seinare innlegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv