Ny runde med Opne Hus i regi av Frivillingsentralen. Uskedalen ligg inne med eit besøksmål i vårhalvåret.
Kommunen fekk i 2025 kr 750 000,- av Helsedirektoratet i arbeidet for å motverka einsemd og passivitet. Prosjektet vart kalla: Med hjarte for Kvinnherad – Opne Hus. Året 2025 vart ein suksess og gjekk over all forventning, med mange påmeldte på arrangementa kvar veke. Mange frå Uskedalen var med. Frå 2026 vert det nokre endringar.
- Opne hus blir på torsdagane
2. Opne hus blir annakvar veke
Mange av arrangementa var fullbooka i 2025, så det kan vera lurt å melda seg på tidleg i 2026. Oversikt over alle arrangementa for våren 2026 finn ein på kvinnherad.friskus.com. Her kan ein melda seg på i lenka som ligg i kvart arrangement.
I brosjyra Opne hus kan ein scanne QR-koden og melda seg på. Vi har også ein eigen påmeldingstelefon: 404 09 290. Den er open kvar måndag-tysdag og onsdag kl. 10-14. Påmeldinga er open for alle arrangementa.
Kva er opne hus?
Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad som skjer på torsdagar annakvar veke på dagtid. Her kan ein eta saman, oppleva noko kulturelt, naturoppleving og kanskje læra noko nytt. Alle arrangementa og behov for transport er gratis, men krev påmelding.
Kvart av arrangementa vert skrive om på uskedalen.no.
Kontakt Bente Nilsen, mobil: 47488596
Tekst/foto: Pressemelding Redigering/Nett: Kristian Bringedal