Mogeleg å kjøpa Uskedalsboka også.

Sist laurdag var det svært god respons, og mange kjøpte lodd i Uskedal Friluftslag sitt vedlotteri. Gevinstane er 15, 10 og 5 åttiliterssekker med god ved som vil varma godt til vinteren. Veden er hoggen på Stemneplassen, og inntektene går til drifta av den vakre plassen som no er særs velstelt etter god jobb frå styret. Etter planen blir siste salgsomgang på dette lotteriet ved Spar Uskedalen komande laurdag frå kl. 11 og utover dagen. Der blir det mogeleg å kjøpa lodd både med kontantar og vipps.
Før og etter det vil det bli loddsalg ved å vippsa til 60 55 65 (Uskedal Friluftslag) fram til trekninga som skjer på LivOGLyst-dagen 26. august. Kvart lodd kostar 100 kr, og for kvar hundrelapp som blir betalt inn, blir det registrert eitt lodd.
Under loddsalget sist laurdag var det ekstra god stemning med trekspelmusikk og song. Truleg dukkar den stemningsskapande trekkspelaren opp komande laurdag og.
I tillegg sel historielaget framleis litt av den første Uskedalsboka “Den nære fortida”. Sist laurdag var det 7 som sikra seg boka som er blitt ei svært populære gåvebok. Derfor blir det også mogelege å kjøpa boka på komande laurdag og. Der kan ein betala både med vipps og kontantar til historielaget.
Seljarane ser fram til ein ny svært triveleg laurdag utanfor Spar der mykje kjekke folk møtest!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto.