Tre år på rad har det vore nedgang i folketalet i Uskedalen, ikkje dei store tala, men likevel ein nedgang. Tal innbyggjarar i Uskedalen i januar 2022 er 1040. Det er ein nedgang på 8 personar frå året før. Høgast folketal i Uskedalen var i 2017 med heile 1075 personar. Folketalet i Kvinnherad er 13010. Det er ein auke på 10.

Bygder med mest auke er Rosendal og Sandvoll. Bygder vi ofte samanliknar oss med, Sunde, Valen og Rosendal, har alle auke i folketalet. Bygder med mest nedgang er Høylandsbygd, Uskedalen og Ølve. Uskedalen med sine 1040 innbyggjarar er likevel den 5. største bygda i Kvinnherad, bak Husnes, Valen, Sunde og Rosendal.

Det er mange faktorar som spelar inn på folketalsutviklinga i ei bygd. Det same gjeld for elevtalsutviklinga. Areidsplassar og tilrettelagde bustadtilbod er mest vanleg å rekna. Sentrumsutvikling med tilbod innan handel, service, friluftsliv og kultur er også viktige faktorar som spelar inn kor folk ynskjer å buetja seg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto