Ny gåveutdeling frå SpareBank 1-stiftinga komande måndag på Husnes.
Måndag i neste veke er det klart for ei ny gåveutdeling frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnhead. Alle med tildeling, anten det er forenkla søknad med gåve inntil kr. 30 000,- eller søknader til meir omfattande prosjekt, er iniviterte til ei festleg samkome i Kulturhuset Husnes. På festen vert det delt ut 72 gåver med ein samla sum på knappe 8,6 mill.kr. Som vanleg er fleire lag med gode prosjekt frå Uskedalen på lista.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal