Ny forskrift om bruk av gjødsel vil påføra bøndene store kostnader.
20 mars 2024 kom Regjeringa med framlegg til forskrift for bruk av gjødsel. Gjøldselbrukforskrifta set strengare krav enn tidlegare til spreiing av gjødsel. Grensa for kor mykje fosfor ein totalt kan gjødsla med per daa får store konsekvensar for mange bruk i heile Noreg, også for dei som driv landbruk i Uskedalen. Dei største endringane handlar om:
- Overgang frå minstekrav til spreiingsareal til grense for fosformengde
- Spreiingsfrist – det skal ikkje spreiast etter 1. september
- Innføring av journal som syner bruken av ulike gjødselvarer
Bakgrunnen er eit EU direktiv som seier at det kjem for mykje fosfor i vassdraga etter gjødsling. Fosfor er viktig for alt liv på jorda. Det er viktig å unngå sløsing med dette stoffet. Dersom forskrifta vert vedteken, krev det utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel. Forskrifta krev også at det er betre balanse mellom gjødsling og avling når det gjeld fosfor.
Konsekvensen av forskrifta, slik den ligg føre, er for mange bønder ein
reduksjon i produksjon på 20%, som igjen går hardt utover økonomien. Dette fører til lågare sjølvforsyning i Noreg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal