Ny bok om Rock- og popband i Kvinnherad.
No kjem boka mange har venta på; historien om alle rock- og popbanda i Kvinnherad frå 1960-talet og fram til i dag. Nærare 200 band og enkeltartistar, med til saman over 400 bandmedlemer frå denne sterke musikalske regionen er registrerte og omtalte. Lars Jostein Rørvik frå Sunde har skrive boka, som blir utgjeven på Skimtvis forlag. Mange lokale artistar har òg stilt velviljug opp i prosjektet og bidrege med bilde og fortalt historiar frå musikklivet. Forfattaren har òg samarbeidd godt med lokalavisene i arbeidet sitt. Den frå Uskedalen, som truleg er mest omtalt, er Jan Gjertsen. Han var i ein 20 års periode musikarar i fleire band. Vi ser fram til bokslepp på torsdag.
Tekst/foto: Presseomtale Nett: Kristian Bringedal