Det illegale Sunnhordland» er eit resultat av arbeidet som Krigshistorisk Gruppe under Kvinnherad Sogelag starta for fire år sidan. Historikaren og motstandsmannen Ragnar Ulstein skreiv at Sunde var eit «flyktningreir» under krigen. Dette gav inspirasjon til å starta eit omfattande arbeid med å gå gjennom ei mengd rapportar både frå engelske ,tyske og norske kjelder.

Det kom snart for ein dag at dei som dreiv motstandsarbeid hadde nær kontakt med kvarandre, også over kommunegrensene. Når tyskarane gjennomførte såkalla opprullingar ein stad, kunne dette få fatale følgjer for mange som dreiv motstandsarbeid ein heilt annan stad. Såleis tek boka føre seg hendingar og sentrale personar  både i Odda, Sveio, Bømlo, Stord og Kvinnherad.

Naturleg nok er hovedtyngda av stoffet basert på hendingar og personar i Kvinnherad. Her har boka teke føre seg kommunen som dekningsstad for folk som måtte røma, organisering av båtar til Englandsfarten, og etterretningsarbeid mot tyske aktivitetar. Sentralt står opptakten til tyskarane sin aksjon 28. april 1943, gjennomføringa av aksjonen og følgjene den fekk for personar både på Sunde, Bømlo og resten av Vestlandet.

Arbeidet med boka er basert på friviljug arbeid. Ingen av medarbeidarane i prosjektet har motteke honorar. Utan støtte frå SpareBank 1 stiftinga og Kvinnherad kommune hadde ikkje dette prosjektet vore mogleg å gjennomføra.

Kapabel Forlag har gjort både redaksjonelt og grafisk arbeide med boka som er på 240 sider. Bakerst i boka er det ein fyldig faktabolk med oversikt over arrestasjonar, våpensendingar, Englandsfart og personregister. Det siste inneheld over 800 personar som er nemnde i boka.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal