I april hadde Uskedal Historielag ein uformell bildekveld der dei såg innsamla bilde på “storskjermen” på Stemneplassen. Dette var særs vellukka med godt frammøte, og det resulterte i mykje god mimring og gode historier. Det var ønskje om fleire slike kveldar.
No inviterer historielaget til ein ny slik bildekveld. Det blir på Stemneplassen mandag 26. mai kl. 19 og varer ca. halvannan time.

Denne gongen blir det desse tema:

  • Bilde av folkelivet i området rundt Mannsvatnet. Nokre av desse er alt presentert i bøker, men vi har fleire.
  • Jonsokfeiring og jonsokbrudepar. Kven hugsar ikkje dei fantastiske jonsokarrangementa på Stemneplassen?
  • Speidarane på 60- og 70-talet. Her har vi fått inn mange kjekke bilde. Mange kjente ansikt!

Viss nokon har bilde frå desse tema, blir historielaget veldig glade for å få låna dei før mandag slik at dei kan skannast og visast.
Historielaget er elles svært interessert å låna bilde innanfor alle mogelege tema. Bilda er avgjerande for at dei skal kunna laga godt og interessant lesestoff.

Velkomne til ei triveleg stund med mykje god mimring på Stemneplassen mandag 26.05. kl.19. Historielaget håpar på godt frammøte og at dei kan gjenskapa den gode mimrestemninga frå sist bildekveld.

Tekst: Uskedal Historielag
Foto frå arkivet
Nett: Thor Inge Døssland