Ny bildekveld på Stemneplassen, komande måndag kl. 18.00.
Historielaget hadde to bildekveldar der det blei vist innsamla bilde på storskjerm i vår. Desse hadde godt frammøte. Sjå bilete. Tilbakemeldingane var gode, og det var ønskje om fleire Mandag 29. sept. kl. 18.00 er det klart for ny bildekveld. Då er planen å sjå bilde frå aktivitetane i ungdomslaget og ungdomsklubben og frå Strand stafetten. Det blir vist fleire bilde enn dei det er plass til i bøkene. Det vil også bli vist ein videosnutt der Torunn Kjørland fortel om gravskikkar oppe i dalen før i tida. Velkomne, og vi håpar opp godt frammøte denne gongen og.
Tekst: Thor Inge Døssland Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal