Også høve til bokkjøp.

I mars starta Uskedal Historielag med bildedag med eldre bilde ein tirsdag i månaden. No er det klart for den 8. bildetirsdagen. Uskedal Historielag har hatt med interessante bilde frå sitt arkiv, og ekstra kjekt har det vore at kafègjester har komme med bilde frå sine private album. Dette har gitt grunnlag for mykje god mimring. Bildet over er frå september då Aase Hauge kom med mange kjekke bilde som vi ser ho studerer saman med Kåre M. Rød og Astrid E. Haugland her.
Interessa for desse tirsdagane har vore aukande, og ein svært positiv effekt er det at historielaget får låna bilde for skanning til arbeidet sitt.

Mange kjekke bilde. F.v. Aase Hauge, Astrid E. Haugland, Astrid og Kirsten Døssland.

For dei som ønskjer å kjøpa laget sine bøker, har medlemmene med både bok 1 og bok 2. Bok 3 som kjem ut om ein månad, kan førehandskjøpast, og så blir den overlevert på boksleppet 10. november eller etter avtale. Elles kan bøkene heile tida kjøpast på nett ved å vippsa til 76 38 03 eller betala inn til konto 3207.37.52026, og skriva kva betalinga gjeld. Dei som ønskjer bøker tilsendt, skriv fullstendig adresse og betaler 90 kroner i tillegg.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.