Mange likar tilbodet med vising av gamle bilde på Kafe Tiaren første tirsdagen kvar månad. I morgon er historielaget på plass frå ca. kl.11.30 og utover. Då har dei med seg 4 permar med bilde, og 2 av dei har ikkje vore vist før. Dei fortel mykje om bygde- og folkelivet før i tida. Mange vil også finna kjente og kjære ansikt på dei.Historielaget har med luper med lys slik at ein kan studera detaljar betre.Bildet over er frå ein tidlegare tirsdag, og vi ser Astrid Haugland i historielaget mimrar saman med Berit M. Guddal og Eldbjørg Myklebust.

Tekst/foto: Uskedal historielag
Nett: Kristian Bringedal