
Nostalgisk då hardangerjakta MATHILDE kom oppom Beinavikjo.
Det var mest som vi var sett 100 år tilbake i tid då det verkeleg var farty og skuter på Beinavikjo, i samband med hermetikkindustri, sildoljefabrikkar og handel. Uventa kom nemleg hardangerjakta MATHILDE oppom for å setja i land ein medseglar. Personen vart rodd i land. Mange fann mobilen og kamera og fekk nokre blinkskot.

Hardangerjakta MATHILDE er bygd i 1884 av Ola H. Nerhus i Ølve. Fartyet vart kjøpt av Stiftinga Hardangerjakta av 1984 og restaurert, eit tiltak for arbeidslaus ungdom. Fartyet vart ferdig restaurert og døypt på nytt i 1989. I dag vert fartyet drifta av Hardanger Fartyvernsenter i Norheimsund.
- Lengde_ 73 fot
- Breidde: 21, 2 fot
- Masterhøgde: 23,5 meter
- Rigg: Jakterigg med total seglflate på 400 kvadratmeter
- Toppfart under segling;: 11 knop
- Maskin: Detroit Diesel, 240 HP

Vi kjenner MATHILDE frå mange tokt i leirskulefarten, ofte med stopp i Vågen på Skorpo. I dårleg ver har det skjedd at dei har forhalt til Uskedal Trelastlager sin kai i Beinavikjo. MATHILDE er ofte innom Sandakien for bunkring og proviantering på SPAR.
MATHILDE har eit mannskap med skipper, bestmann, kokk og matros. Kokken lagar tradisjonell skipskost med tre måltid for dagen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Olav Karlsen/ Grethe Adoff