NORWEGIAN GANNET låg til kai i Uskedalen i helga. Skipet er bygd i Spania 2018 for det norske rederiet Hav Line som eit flytande slakteri, ein bløggbåt for oppdrettsnæringa. No har det seg slik at kapteinen, Sigmund Våge, kjem frå Varaldsøy. Ein annan kvinnheringen, overstyrmann Kjell Rune Gausvik, kjem frå Herøysundet. Ein matros er også frå Varaldsøy.

NORWEGIAN GANNET med ein vakker design har ein tonnasje på 5 893 tonn, lengde 94 meter. NORWEGIAN GANNET er det fyrste i sitt slag der ein slaktar, tilverkar og frys ned fisken og står for transport fram til hamner på kontinentet. Hirtshals i Danmark er ei mykje brukt hamn for levering.

Skipet kom til Uskedalen fredag på ettermiddagen. Avgang i kveld. Neste destinasjon er Jondal.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal