Den kulturelle storhendinga i Uskedalen i kveld med Bjørgulv Eik 90 år og som spelar hovudrollen i Dreng som duger, har nådd fram til Oslo. Noregs Ungdomslag skriv på si facebookside: Hurra! I dag, 11. november, vil vi gratulere Bjørgulv Eik, ein dedikert NU-medlem som blir 90 år! Bjørgulv er den eldste medlemen i Uskedal Ungdomslag, og han har ikkje trappa ned aktiviteten med åra. Faktisk skal han spele hovudrolla i “Dreng som duger”, på ungdomshuset Helgheim, på sin eigen 90-årsdag.

Bjørgulv har vore medlem og hatt ulike verv i ungdomslaget i Uskedal sidan “tidenes morgon”, fortel Anita Enæs, leiar i Uskedal ungdomslag. Frå sentralt hald kan vi òg fortelje at i 1973 var NU-stemnet i Kvinherad, og da var Bjørgulv leiar for den lokale komiteen, eller stemne-general, som dei kalla det den gongen. – For mange av oss som er vaksne opp i Uskedalen, er nesten ungdomslaget og Bjørgulv ei og same sak. Eg er 53 år og har aldri tenkt på ungdomslaget utan å tenke på Bjørgulv, fortel Anita.

Bjørgulv skal han ha bursdagsfesten i ungdomshuset. Bjørgulv seier han ikkje vil ha gåver på dagen sin, men at dei som ønsker det, heller kan gje nokre kroner til ungdomslaget. Det er ein gest vi Uskedalen Ungdomslag set stor pris på. Han er jo ungdomslaget for oss, fortel Anita. Sjølv hugsar ho han best frå teaterscena, der han har spela mange roller opp gjennom åra. – I mi barndoms- og i ungdomstid var det fast tradisjon å gå i Helgheim og sjå teater om ettermiddagane på 17.mai. Det var det nesten nok at Bjørgulv entra scena for at latteren breia seg i salen, fortel ho.

Arkivfoto frå Den store barnedåpen av Oskar Braaten. Bjørgulv sit ved pulten sentralt i bilete.

No har det ikkje vore teater i Helgheim på mange år, men no har den gamle teatergjengen altså samla seg og har øvd kvar måndag i ein periode, for å setje opp stykket “Dreng som duger” i feiringa av Bjørgulv sin 90 årsdag. Og kven spelar hovudrolla som drengen? Jo, sjølvsagt Bjørgulv sjølv! Stykket skal setjast opp i ungdomslagshuset Helgheim, der dagen skal feirast.

Vi i NU ønsker Bjørgulv hjarteleg til lykke med dagen, og vil samtidig takke for at han er ein så dedikert ungdomslagsmann! Og for dei av dykk som er i overkommeleg avstand til Helgheim, er det berre å troppe opp på den store dagen.

Tekst: Henta frå Facebooksida til Noregs ungdomslag
Foto: Anita Enæs/ Arkivfoto