Det var ei storhending på Rødsten Bilforretning i dag. Noregs fyrste KIA EV6 GT vart nemleg levert til Camilla og Ståle Richardsen. Dei har adresse Seimsfoss, men har sidan påske budd i Uskedalen. Ståle har odel til gardsbruk på Døssland. Kommunikasjonssjef Christian Lagaard frå KIA Norge var med på overleveringa, saman med dagleg leiar på Rødsten, Vegard Jekteberg. ( Sjå bilete ). Det har vore arbeidd mykje med å den nye bilen ut til kundane utan for lang ventetid. Dessutan har Regjeringa varsla innføring av moms ved kjøp av elbil til ein verdi på over kr. 500.000,-. Difor var det det for mange viktig å få kjøpt bilen før nyttår. KIA EV6 GT har ei maskinskraft på heile 585 HK.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Rødsten bilforerretning