Nokre ledige plassar til nyttårsdansen i Helgheim.
Nyttårsdansen i Helgheim er populær. Pr. i dag er det nokre ledige plassar. Dei som ynskjer å vera med, må melda seg til Ragna Volden på telefon 938 55 077. Inngang: kr. 300,-. Bruk VIPPS til det same nummeret. Maks tal gjester er 50 personar. Dansebandet Trinity spelar god og variert dansemusikk. Dørene opnar kl. 19.30 og straks etter spelar bandet sitt fyrste sett. Det er kaffi og kakebord. Nyttårsdansen er for vaksne. Dersom påmeldinga overstig 50 personar, vert det sett opp venteliste.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto