Nok ein nydeleg singel frå Bjørn Moe!
River Queen blir sleppt på fredag.
Til no har det blitt sendt ut 5 nydelege singlar frå musikaren Bjørn Moe på trommeloftet i Nedre Halsane. No blir den 6. i rekkja sleppt. Bjørn Moe har etter kvart skapt høge forventningar når det kjem nye låtar frå han. Og han skuffar ikkje denne gongen heller. Nok ein nydeleg låt har han trylla fram i “River Queen” som blir sleppt på fredag! Berre les pressemeldinga som er sendt ut nedanfor!