No kan du ta fly direkte frå Stord Lufthamn til Ørland og vidare til Evenes.
Tirsdag 12. juli startar DAT ei ny flyrute. Ruta går frå Stord lufthamn til Ørland og vidare til Evenes. Ruta går kvar tirsdag og har avgang frå Stord lufthamn kl. 07.00 med landing på Ørland kl. 08.15. Kl. 08.45 er det så avgang frå Ørland med landing på Evenes kl. 10.30. Returen går frå Evenes kl. 13.30 med landing Ørland kl. 15.15. Kl. 15.45 går flyet så vidare frå Ørland og landar på Stord lufthamn kl. 17.00. DAT tilbyr einvegsbillettar frå kr 949,- til Ørland og Evenes. Bestill flybilletten din her http://dat.dk
Tekst/foto: Pressemelding/ Hjelmen Nett: Kristian Bringedal