No kan du sjå fram til den populære helselagsbasaren, sundag 27. mars kl. 16.00.
Den årlege helselagsbasaren går av stabelen sundag 27. mars kl. 16.00 i Helgheim. Basaren vert gjennomført på tradisjonelt vis med åresal, talongbøker, pause med kaffi og kaker før trekking av bøkene. Uskedal helselag takkar for flotte gevinstar til bøkene og tek gjerne i mot gevinstar til årane. I tillegg minner Uskedal Helselag om at det vert stand på Spar komande fredag og laurdag. Møt opp til god tradisjonell basar. For dei som vil sikra seg lodd på bøkene alt no, kan bruka VIPPS: 501209
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Facebook Uskedal Helselag