Det er ikkje kvart år Uskedal Musikklag har lotteri. Lotteriet dei no har sett i gang, er faktisk det andre i dette tusenåret. Det forrige var sykkellotteri i 2016. Bakgrunnen for det var at Trygve S. Haugland gav laget ein herresykkel, og så skaffa laget eit par gevinstar til. Vinnar av sykkelen blei Frøy Sæle.
Denne gangen har musikklaget ei fyldig og flott gevinstliste. Gevinstane har dei fått hos svært rause firma og medlemmer. Kvart lodd kostar 10 kr, og dei kan kjøpast ved å vippsa til nr. 93 05 41 (Uskedal Musikkag). Dei som ikkje har vipps, kan kjøpa med kontantar hos medlemmene. Dei kan og betala inn på konto 3207.43.13387 og merka det med lodd. Det er også planar om å sitja utanfor SPAR Uskedalen. Trekning av lotteriet blir innan 15.juni.

Gevinstliste:

  • Bålpanne, verdi 2800 kr, gjeven av Lio Sag & Treforedling
  • Leiebil ein weekend, 2490 kr, Vest Bilutleie.
  • EU-kontroll + viskarsett, verdi ca. 2000 kr, S. Rødsten bilforretning
  • Superslipar, verdi 1889 kr, Byggern Husnes
  • Bluetooth høgtalar, verdi 1190 kr, Power Husnes
  • Dobbelt vaffeljern, 699 kr, Europris Husnes
  • You star video kit, verdi 545 kr, Clas Ohlson
  • Stort termokrus, verdi 299 kr, Mekk Husnes
  • Rund hekla duk, Margrete G. Mehl
  • Gåvekort på Bondekompaniet, Knut og Ingunn Steinsletten
  • Sveipeskrin med utskjeringar, Ståle Eik.
EU kontroll, viskarsett og Leigebil
Bålpanne
Hekla duk
Høgtalar, supeslipar og “videostudio”

Musikklaget driv etter ein lavkostprofil utan dirigent, men no er kassabehaldninga slik at dei treng påfyll. Trass i at dei driv billeg, er dei svært aktive. Siste åra har dei lege på ca. 25 opptredenar i året. Siste par månadene har dei hatt to kjekke arrangement i Helgheim. Sist veke var dei på “Syng med oss” på Husnestunet. Tirsdag etter påske står Rosendalstunet for tur, og så er det straks mai med speling på fredsmarkering 8. mai, på nasjonaldagen og allsong på Kafè Tiaren 27. mai.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland