Vi kan trygt seia at første boka i lokalhistorieserien frå Uskedalen «Den nære fortida» blei ei stor suksess.  No er den andre boka i serien like rundt hjørnet, og skriftstyret startar med førehandssal av denne boka til reduserte prisar.  Ordinær pris blir som i fjor 300 kr, men fram til 15. oktober er ho å få kjøpt til 250 kr.  Dei som er skrivne medlemmer i Uskedal Historielag, kan få ytterlegare reduksjon i prisen på 50 kr. på ei bok. Då blir prisen på denne boka 200 kr.  Boka kan kjøpast ved å betala inn med vipps til 76 38 03 eller til konto: 3207.37.52026. Hugs namn og kva innbetalinga gjeld. Om nokon ønskjer boka tilsendt, betaer ein 90 kr i tillegg for porto og ekspedisjon.

I den andre boka blir det mykje skulestoff frå Uskedalen. Det er intervju med tre elevar som gjekk på dei tre skulane på Haugland, Skorpo og i Uskedalen like før, under og etter krigen. Dette blir supplert med anna skulestoff frå eldre tider. Det blir også ein bolk med ulike bilde frå skulehistoria.
Uskedalen har tidlegare gjort det bra på fotballbanen, og denne aktiviteten får god plass i boka der det blir fortalt om A-lagsfotballen frå etterkrigsåra og fram til 1970-talet. 
Lesarane vil få god kjennskap til 150 års kamp med opp- og nedturar fram mot den flotte daglegvarebutikken vi har på Sa`n i dag.
Historia til Sandakaien har også fått god plass.
Det har vore ei rivande utvikling i landbruket frå 1960-talet og fram til i dag. I boka kan ein lesa om mjølkebilen og mjølkerampane, om mjølkeutsal og dei første NRF-kyrne medan Bjørgulv Eik fortel om den store omveltinga frå han starta som mjølkekontrollør på trøsykkel til han avslutta som produksjonskonsulent i bil. 
Tidlegare var det også vanleg at dei hadde korn på dei fleste gardar. Kvar gard hadde sine kvernar der dei mol kornet.  I boka er det spesielt kvernane på Haugland, Kjerland og Døssland som er omhandla.
Boka inneheld og ei forteljing av ei over 90 år gammal dame om korleis det var for ei ung byjente å bli sendt til Uskedalen under krigen.  Det blir fortalt om 175 år med misjonsforeningsarbeid og kyrkjereis til Rosendal før vi fekk kyrkje i Uskedalen.  Arbeidsstova og aktiviteten i huset på Brekketoppen har også fått sin plass i boka. 
Det skulle vera noko av interesse for dei fleste, og i tillegg til skriftstyret er vi glade for å ha fleire nye artikkelforfattarar denne gongen.
Etter planen blir det bokslepp først i november.
I tillegg til førehandssal ved vipps og innbetaling på konto, vil Uskedal Historielag ha stand på bygdadagen (LivOGLyst) 26. august, der vil det og bli mogeleg å handla med kontantar.  Det vil også bli sal av restopplaget av bok nr. 1 i tillegg til at det blir informasjon om arbeidet til Uskedal Historielag.

Tekst: Skriftstyret i Uskedal Historielag
Arkivfoto: Kristian Bringedal
Nett: Thor Inge Døssland