Denne veka blir det møteveke på bedehuset.

Onsdag kjem Nils Kåre Strøm til Uskedalen bedehus. Han har med seg Eivind Ånensen. Dei vil dela guds ord med oss, kvar dag, ut veka. Nils Kåre er for mange godt kjent frå bedehuskanalen, og har i mange år reist som forkynnar. Dette er ikkje første gangen han er i Uskedalen, så det er mange som ser fram til å høyra han igjen. Han formidlar evangeliet både gjennom tale og song.

Det vert møter onsdag og torsdag klokka 19, fredag vert det møte kl 17 og fredagsklubb for ungdommane (4 klasse +) kl 19. Laurdag er det møte kl 16 og søndag klokka 11. Vi håpar mange vil komma og høyra, alle er hjartleg velkomne.

Tekst/nett: Asgeir Hjelmeland
Foto: Norea mediemisjon