Nettsida uskedalen.no er inne i sitt 18. driftsår. I 2023 vart det produsert og lagt ut 813 saker. Det er ein liten nedgang frå året før. Etter omlegging for tre år sidan er i snitt lagt ut 864 saker kvart år. Alt som er produsert frå 2006 og fram til “ny” side i 2021 er lagt i søkbart historisk arkiv. På årsmøte i Uskedal utvikling vert det lagt fram ein rapport frå arbeidet. Redaksjonen har ved fleire høve ettersøkt yngre krefter som kan ta ansvaret med skriving og produksjon. Det har ikkje lukkast med å finna ei løysing så langt. Dersom du har interesse for bygdeutvikling og skriving, ta kontakt. Vi legg opp til opplæring og kursing.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal