2022 var det første heile året at Uskedalen Fjelltrim tok i bruk appen Postkassetrimmen. Før det var det ein prøveperiode i 2021 frå september og ut året. Siste året har heile 375 nytta seg av appen når dei har vore ute på tur, og har registrert turmåla dei har besøkt. Til saman er det 16 ulike turmål å velja mellom i Uskedalen Fjelltrim. Dei gjev frå 3 poeng (Flåtene, Kalkestasjonen, Ådnaklett og Leiteshaugane) til 12 poeng for turar til Englafjell, Ulvanåso og Geitadalstind. I tillegg er desse turmåla med: Storhaug, Klepp (4p), Såto, Låganåso, Fjelly, Skorpefjellet (5p), Råkjo(Solfjell), Tverrfjell (8p) og Manen (10p).

Turmålet med flest besøk av postkassetrimmarane er ikkje overraskande Kalkestasjonen som har registrert heile 2576 besøk. Ådnaklett er også svært populær med 1735 registreringar, medan Storhaug har 1460. Mange har også tatt turen til både Klepp (856) og Flåtene (742) som har fått flotte gapahukar. Bildet er frå klargjering til opningsseremonien av gapahuken på Klepp i september 2021 og viser dugnadsgjengen. Av dei mest krevande turane er for eksempel Ulvanåso registrert 123 gonger på Uskedal Fjelltrim.

Blant dei 375 poengsankarane på Uskedal Fjelltrim er det Ingrid Kroka som har vore flittigast med 1380 poeng tett fulgt av Knut Bringedal 1296p og Jan Magnar Sæle 1273p.
Å lasta ned appen Postkassetrimmen og delta i Uskedalen Fjelltrim er utan tvil motiverande for mange når det gjeld å komma seg ut på tur.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto