Kunstig intelligens (KI), har vore eit omgrep i fleire tiår, både i science fiction- forteljingar og i vitskapen. Fram til nyleg gjekk drøftingane helst mellom ekspertane. Men i slutten av 2022 vart Chat GPT lansert og interessa har eksplodert i det norske samfunnet og internasjonalt. I Kvinnherad Senioruniversitet har me vore heldige og fått ein gjesteførelesar som verkeleg har greie på fenomenet og vil fortelje om kva fantastiske ting ein kan nytta KI til og kvifor det er all mogeleg grunn til å frykte konsekvensane av dette nye

Neste møte er i Rosendal Samfunnshus, torsdag 1.februar, og gjesten vår heiter Ragnar Fjelland. Om han kan ein kort sei at han har hovudfag i fysikk frå NTH i Trondheim og magistergrad i filosofi frå Tromsø. Han har jobba ved universitetet i Tromsø nokre år, men heilt frå 1993-2014, har han vore knytt til Universitetet i Bergen. Han har m.a. i mange år vore tilknytt Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi og medlem av Teknologirådet.

Han seier m.a. dette om det han skal snakke om i Rosendal: En del fremtredende eksperter hevder at datamaskiner innen kort tid vil få menneskelignende intelligens. Noen er optimistiske, og ser nærmest grenseløse muligheter, mens andre er bekymret. Vil datamaskinene og robotene overta kontrollen og styre verden? Vil menneskene bli overflødige?En ting er hva datamaskiner kan gjøre, eller ikke gjøre. Men like viktig er spørsmålet: Hva gjør datamaskinen med oss, som individ og som samfunn. Alle tekniske framskritt har sin pris, og kunstig intelligens reiser spørsmålet: Er denne prisen i ferd med å bli for høy?

Etter føredraget vert det sosialt samvere og enkel servering i foajeen. Senioruniversitetet er ope for alle som har lyst og høve til å møtast om eit aktuelt emne, på ein torsdag føremiddag.

Etter det opne møte vert det årsmøte i Kvinnherad Senioruniversitet.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal