Neste store meisterskap for Terje Bakke er EM i Italia.
Det går slag i slag for Teje Bakke med sterke prestasjonar i bogeskyting nasjonalt og internasjonalt. Etter NM med gullmedalje i klassen tradisjonell er neste store meisterskap EM i 3D-bogeskyting i Italia. Bakke frå Uskedalen, bur på Sunde, reiser til Italia 24. september. Han er regjerande meister og skal med andre ord forsvara tittelen europameister i denne klassen. I det siste kommunestyremøte nytta ordføraren i Kvinnherad høve til å senda Terje Bakke ei helsing.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto Kjelde: Morten Nygård - Grenda