Etter andre gongs førehaving sa Forvaltningsutvalet nei til søknad frå Tor Sigve Sjo om konsesjon til å overta gardsbruk på nedre Fet i Uskedalen. Sjo er ny eigar på gardsbruket etter mor si, Janet Alice Sjo. Han ynskjer å bu på Halsnøy, men vil rydda beite og ta ut skog. Resten av arealet er og har vore bortleigd i mange år. Bruket har vore i familien si eige i mange generasjonar, Dei er ofte på plassen og held hus og bygningar i topp stand.

Det er bu- og driveplikt på gardsbruk med meir enn 20 dekar jord. Tor Sigve Sjo vil halda på buplikta ved å bu på Halsnøy. Den korte avstanden er ikkje avgjerande for drifta, skriv Sjo i klagen.

Saka vert sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal