Etter siste innstilling frå kommunedirektøren om nedlegging for tredje gong, er all vår tillit til kommuneadministrasjonen borte. Ein byggjer ikkje tillit og tryggleik til ei bygd på denne måten. Dette er å halda heile bygda for narr år etter år. Vi trudde til liks med resten av bygda og våre politikarar, at Uskedalen var ein del av den framtidige brannstrukturen. Dette vedtok nemleg kommunestyret i juni i fjor, og dei gav administrasjonen i oppgåve å sjå på to alternativ til plassering og ikkje nedlegging.

Gjer merksam på at dette er arkivfoto.

Så feil kan vi ta, her har administrasjonen torpedert heile kommunestyrevedtaket. Ikkje nok med det I informasjonsmøtet med troppen frå Uskedalen 29. januar i år var det berre dei to alternativa av plassering som vart drøfta, ombygging eller nybygg og ikkje
nedlegging. Her er det snakk om «god» personalpolitikk. Vi har lokalt mannskap som stiller opp for fellesskapet og gjev oss tryggleik, og dei må altså lesa om nedlegginga i lokalavisa.


Vi trudde ikkje vi budde i ein kommune som driv ein så simpel personalpolitikk som dette. Alle veit at dette er eit risikofylt yrke, ein treng ikkje gå lenger enn til tragedien i Trøndelag, før ein ser alvoret i situasjonen. Brannmannskap kan i tillegg bli utsett for kreftframkallande
stoff, dette syner forsking. Derfor har Arbeidstilsynet strenge HMS krav. Då kan ein ikkje senda folk til Husnes midt på natta for å vaska seg, til evig tid.


No har det snart gått 10 år sidan Arbeidstilsynet hadde sine rundar for å avdekka avvik. I 2020 ville administrasjonen leggja ned Uskedal Brannstasjon. Det sette politikarane ein stoppar for. Vi fekk røykdykkarar og det skulle bli ombygging av dagens stasjon, og det var ikkje måte på. Så skjer det ingen ting på 5 år med stasjonen. Så kjem 2025 med ny trussel
om nedlegging. Dette stoppa politikarane for andre gong. Då trudde både vi og politikarane at det var slutt på diskusjonen om nedlegging.


Så til dagens forslag frå administrasjonen om ombygging eller nybygg.
Forslag til ombygging av dagens stasjon for 4,5 millionar inkl. mva. Ingen teknisk spesifikasjon, teikningar eller økonomisk oversyn ligg vedlagt, slik at ein ser kva ein får for dette beløpet. Vi reknar med at ein framleis må til Husnes for urein sone etter oppdrag. Ein bør få tilbod på både rein og urein sone i ei eventuell ombygging. Legg ein opp til at dette skal bli ein godkjent stasjon som står seg over tid, eller driv ein berre brannsløkking for ei
viss tid. Ja, sei det.


Sjå her kva kommunedirektøren sjølv skriv i innstillinga si: Prosjektavdelinga har utarbeidd eit forslag til ombygging av eksisterande stasjon i Uskedalen. Forslaget baserer seg på arbeidstilsynets krav til fysisk arbeidsmiljø i brannstasjonar. Forlaget er sendt til arbeidstilsynet for ei skriftleg vurdering av løysinga. Her ventar ein på svar. Løysinga som Eining for Prosjekt og utbygging har skissert, har ein kostnad på 4,5 millionar inkl. mva. Då vil ein behalde plasseringa på stasjonen der det er i dag. Det er det mest optimale plasseringa av ein stasjon i Uskedalen.


Når det gjeld å bygga ny stasjon i Uskedalen er det sett på ei løysing med å få byggja ein stasjon i tilknyting til eit større industribygg som skal byggjast på Børneset. I denne samanheng er teikningane for ei slik samlokalisering sendt til arbeidstilsynet for uttale om vald løysing vil ivareta naudsynte krav. Dei har utalt følgande om løysinga:

I e-post datert 27.10.2025 har vi mottatt teikningsgrunnlag frå ekstern leverandør som ønskjer å tilby ferdig løysing til kommunen. Teikningane viser etter vår oppfatning ei løysing som kan ivareta grunnleggjande krav til skilje mellom reint og ureint område for personell etter oppdrag, med kjønnsdelte garderobar og dusj imellom. Me må likevel presisera at ei
konkret vurdering først blir gjord når me har fått søknad om samtykke.


Dette syner at ei ombygging så langt ikkje er vurdert av Arbeidstilsynet og då heller ikkje eventuelle kostnader som følgjer av merknader frå Arbeidstilsynet. Eit nybygg i lagerbygget til Grude i Børnes har som vi ser alt fått ei positiv førehandsuttale frå Arbeidstilsynet. Vi var med på møte mellom Grude og administrasjonen i oktober 2025. La det vera heilt klart
at Grude opplyste om at ein ny godkjent stasjon av Arbeidstilsynet ville kosta ca. 8 millionar inkl. mva., og ikkje 8,5 millionar eks. mva., som kommunedirektøren antydar i si innstilling. Grude opplyste også at kommunen ikkje skulle betala noko før overlevering og godkjenning.


Kommunedirektøren og hans stab fekk overlevert teikningar av dette forslaget i møtet. Vi oppretta kontakt mellom partane, og sidan har ikkje Grude høyrt nokon frå kommunen. Det er ikkje lett for kommunestyret å ta stilling til noko av dette, når dei ikkje får noko underlag på dei to forskjellige alternativa, slik at ein kan få ei grundig vurdering av dette.


Arbeidsgruppa meiner at ein stasjon i Børnes er den mest berekraftige løysinga. Ein får ein ny og godkjent stasjon, etter dagens krav i vedlikehaldsfritt materiale. Ein får nærheit til Børnes kai. Ein får tilgang på mannskap frå Herøysundet. Ein ligg sentralt til som beredskapstropp for resten av kommunen ved fleire samanfallande hendingar. Ein ny
stasjon i Børnes har ein heilt anna andrehandsverdi i framtida enn ei ombygging av den gamle stasjonen. Dette er eit viktig økonomisk moment.


At ei eventuell ombygging først skal skje i 2028/29 er heilt uakseptabelt for oss. Då vil det heilt sikkert koma opp eit nytt forslag frå kommunedirektøren om nedlegging før den tid. Stasjonen i Uskedalen skal vera på plass i god tid før valet i 2027. Vi har venta lenge nok på
dette og finn oss ikkje i å bli behandla på denne måten lenger. Dette tærer på mannskapa også.


Vi har tillit til våre folkevalde og ber dei om å stadfesta for tredje gong at Uskedalen er ein del av den framtidige brannstrukturen i kommunen. Når det gjeld val av ombygging eller nybygg, så kan ikkje vi sjå at kommunestyret har nok underlag for å fatta eit vedtak no
førstkommande torsdag.


Ei kan fort spara seg til fant.

Uskedalen, 16. februar 2026

Tekst: Pressemelding
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal