Den siste oversikten syner at Uskedalen har på nytt nedgang i folketalet frå 1052 i januar 2018 til 1030 januar i 2024. Nedgangen det siste året har vore på fire personar. For tredje året på rad aukar folketalet generelt i Kvinnherad. Tendensen elles er at folketalet aukar mest i sentrale bygder som Husnes og Rosendal. Utkantane vert mest råka av nedgangen.

Det er vanskeleg å finna ei eintydig forklaring på nedgangen i Uskedalen. Bygda ligg sentralt til og har god tilgang på byggeklare tomter. Det er eit rikt og variert fritidstilbod i Uskedalen. Bygda har handel, skule, barnehagar og natur og rekreasjonsområde. Infrastrukturen er god. Tilgang på arbeidsplassar kunne vore betre. Folketalet heng sjølvsagt saman med elevtalsutviklinga. Sterk nedgang i elevtalet har innverknad på folketalet generelt.

Ein annan faktor kan vera talet flyktningar i Uskedalen. Ved overgang til fast busetnad, vel truleg nokre å bu i meir sentrale strok som til dømes Husnes.

Det er grunn til å føreta ei grundig vurdering og kanskje finna svaret på kvifor elevtalet og dermed folketalet har denne nedgangen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto
Kjelde: Grenda