
Naustet med bøteloft i elvosen er seld.
Uskedalen.no er kjend med at naustet med bøteloft i elvosen er seld. Naustet har eit bruksareale på 95 rutemeter. Tomta er på 280 rutemeter. Grunnflata inneheld naustdel, kai, slipp og verkstad. I andre høgda er det bøteloft med stove. bad og soverom. Taksten var på 2 mill. kroner. Naustet ligg i ei naustrekkje på fire naust.
Naust, fritidseigendom og andre areal i strandsona er svært populære objekt i Uskedalen. Til vanleg tek det berre nokre veker frå utysing til ny eigar er på plass.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tommy Stensletten