Hesteskokasting er eit fast innslag under den årlege sommarkonserten på Stemneplassen. Kvart år stiller skarpskodde, og meir eller mindre hardtsatsande, kvinner og menn til kamp, og deltakinga er alltid god. I årets konkurranse viste det seg at den eldste var best. Svært så sportsinnteresserte Bjørgulv Eik, som heilt sikkert fekk mykje inspirasjon frå konkurransane i Tokyo, såg ut som han hadde prikka inn OL-forma i rett tid. Han var rett og slett uslåeleg.

Fantastisk samling, ein meister verdig! Og prøvekastet var endå betre!

Konkurransereglane er enkle, men presisjonen i kasta må vera på topp. Det blir kasta med tre hestesko. Kvar deltakar får ein prøveomgang før dei kastar i konkurransen. Det gjeld å komma nærast mogeleg til målet, – ein jernpinne. Berre den skoen som er nærast pinnen, eller “krøllar” seg rundt den, blir registrert.

Bjørgulv Eik var suverent best sjølv om det var fleire sterke resultat. Han var ikkje berre best i konkurransen. Korleis han plasserte hesteskoa der, ser de på bildet. Han var faktisk endå betre i prøveomgangen. Då var samlinga heilt ufatteleg! Snakk om stabil formtopp!
Det er ikkje til å stikka under ein stol at enkelte hadde problem med å svelga nederlaget. Det blei kviskra litt om at han hadde lege i tjuvtrening i tynnlufta oppe på Eik sidan det var han som eigde hesteskoa som blei brukte. Nokre var også inne på at han hadde fordel sidan det var han som hadde “stukke” banen. Dei meinte at han med si høgde kunne ha fordel av at kastbanen låg i motbakke.

I eit lengre intervju etter at resultata var klare, aviste sigerherren desse skuldingane. Han grunngav det reflektert, gjennomtenkt og truverdig. Bjørgulv meinte at det kunne ha sin fordel å bu litt oppe i tynnare luft, men såg ikkje det som noka forklaring, for då burde Møyfrid Kristoffersen som bur på høgaste punktet i dalen vist heilt andre takter! Han fortalde at han hadde hatt ein svært god inngang til konkurransen og følte at han tok konkurrentane på mental styrke.
– Eg må vera eit naturtalent som blei oppdaga litt seint, avsluttar han intervjuet.

Møyfrid Kristoffersen hadde store forventningar, men nådde ikkje heilt opp. Det såg ut til at ho tok skuffelsen tilsynelatande bra.

Dei beste vart(avstand frå pinnen):
1. Bjørgulv Eik 0 cm
2. Hans Gustav Mussland 3,5 cm
3. Lars Myklebust 3,7 cm
4. Audun Eik 4,5 cm
5. Harald Sunde 11 cm.
Dei to beste damene blei Møyfrid Kristoffersen og Eldbjørg Myklebust. Begge leverte så sterke prestasjonar at dei slo underteikna!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland