Namnet Røysterett for Alle lever vidare. Husnes Blandakor er lagt ned.
Etter ein omfattande prosess med årsmøtevedtak og drøftingar om vegen vidare for Røysterett for Alle og Husnes Blandakor er ein no komen fram til ei løysing. Husnes Bandakor vert lagt ned. Alle medlemene samlar seg i eit kor. Namnet Røysterett for Alle lever vidare.
Sist uskedalen.no omhandla denne saka, årsmøte i Røysterett for Alle, vart det sagt at ein venta på ei endeleg avgjer i Husnes Blandakor. No er resultatet klart.
Blandakoret Røysterett for Alle, skipa på nyåret 1988, har vore i drift alle desse åra utan stopp. Det var Svein Rimestad som er opphavsmannen til namnet. Før skipinga var det fleire aktuelle namn framme. Nokre ville at ein skulle føra vidare namnet Uskedal Songlag. Det var Andreas Haugland sitt kor frå 1912 til fram mot krigen. Slik vart det ikkje. Namnet vart Røysterett for Alle, med tankar til folkekravet om røysterett og om å vera med i eit songlag med den røysta du har.
Mange har merka seg og kommentert namnet Røysterett for Alle. Namnet vart mellom anna teke fram i ein artikkel i meldingsbladet Språknytt til Norsk Språkråd som eit døme på god norsk språk- og namnebruk. Bergens Tidende hadde lenge ein spalte om gode namn og hendingar. Her fekk koret frå Uskedalen omtale.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Ordin Østebø