Rustne Menn hadde sitt årlege allsongprogram på Huglo i helga. Huglabutikken med dagleg leiar Wenche Taranger ( f. Bjelland ) er arrangør og primus motor for det meste av det som skjer på kaien. Med seg har ho gode medhjelparar. Allsong på kaien på laurdag var den tredje tilskipinga på kort tid. Det er nyleg opna ny flytekai i betong. Bensinanlegget var nytt i fjor. No er Wenche klar for pensjonering. Drifta er sikra og vert ført vidare med ny leiar.

Rustne Menn. F.v: Tore Nordahl-Pedersen ( bass ), Svein Rimestad ( gitar ) og Kristian Bringedal ( trekkspel ).

Allsong på kaien med innslag frå Uskedalen tok til i 2016, den gongen med Reidar Myklebust, Hans Gustav Mussland og Kristian Bringedal som aktørar. Etter nokre år vart det Rustne Menn. Feriegjester og fastbuande møter fram på den gamle handelsplassen med butikken og sjøhuset forma som eit tun.

Bilete syner eit utsnitt av frammøte til Allsong på kaien på Huglo.

Vår eigen Magne Huglen er kjendmann og dersom det er tid, legg han opp til rundtur på øya. I år var det tur til Varden, det høgste punktet på Huglo med sine 219 over havet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Huglabutikken/ Gunnlaug Eik