Knapt ein stol var ledig i Helgheimskjellaren i dag då Uskedal hesleag gjennomførte den årlege og svært så populære basaren. Det var fire omgongar med åresal der kvar åre kosta kr. 10,-. Så var det ein omgong der kvar åre kosta kr. 20,- Til slutt var det trekking på loddbøkene. Helselaget legg ned eit stort og omfattande arbeid med førebuing og gjennomføring av basaren. Tenk berre på alt arbeidet med å skaffa gevinstar, loddsal med stand ved SPAR og sjølve tilskipinga i dag der det også er gratis kaffi og kaker. Vel blåst !

Staben med heile åtte personar. gjennomførte ein prikkfri basar.
Ikkje noko å sei til frammøte på helselagsbasaren. Knapt ein stol var ledig.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal