Før året er ute har redaksjonen på uskedalen.no publisert 795 innlegg på nettsida i 2024. Det er ein liten nedgang frå året før. Nøyaktig tal for 2023 er 802 innlegg. Snittalet dei siste fire åra, etter vi la om sida, er 835 saker. Takk for god hjelp teknisk og til dei som skriv og leverer tips og stoff. Ikkje minst: Takk til trufaste lesarar for gode tilbakemeldingar. Redaksjonen ser fram til 2025 og seier med dette GODT NYTT ÅR.

Tekst/nett: Redaksjonen
Foto: Arkivfoto - Hans Ordin Østebø