Nær på 80 sekker ferdigkløyvd ved på fem timar må vera rekord. Dugnadsgruppa står for denne prestasjonen på Stemneplassen i går og i dag. Då var ni menn i sving på torsdagen og fire menn på fredagen. Arbeidet var alt frå felling, kvisting, kapping, kløyving til ferdig ved i sekk. I tillegg kjem opplasting og transport. Med dette har Uskedal Friluftslag sikra seg ved til det store vedlotteriet i sommar.

Dugnadsgruppa med Pål Haugland som leiar gjer ein stor og verdfull frivillig innsats i Uskedalen. Saman med styret i Uskedal Friluftslag vart det lagt til rette for veddugnad på Friluftsplassen. Kvart år vil det vera aktuelt med veding som vegitasjonspleie og for å sleppa sola til.

Styret i Uskedal Friluftslag takkar Dugnadsgruppa for hjelpa. Takk til Jon Harald Kjærland som lånte traktor og vedkløyvar. Audun Eik med minitraktor og utstyr er alltid på plassen og driv arbeidet på fram.

Det neste på lista no er opparbeiding av turstiar frå tre startpunkt og opp mot toppem på Skårhaug.

Arbeidet vart sluttført i dag. F.v: Kristian Bringedal, Audun Eik, Tore Nordahl-Pedersen og Ove Magne Myhre.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Gunnlaug Eik