Også sist haust blei det delt ut rause gåver frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad. Nytt denne gongen var det at gåvene blei publisert puljevis. No er heile lista offentleggjort, og den viser at det er tildelt 8 348 000 kr til gode prosjekt i Kvinnherad, Odda og Stord. Den klart største delen går til Kvinnherad. Dei største einskildløyvingane er til Kvinnherad Arena (2 000 000, reservert), Omvikdal ungdomslag til skifting av tak og bordkledning på Dalheim(700 000) og til Kulurhuset Husnes og Rosendal samfunnshus til oppgradering av hus og utstyr(400 000 til kvar). Men det har også kome gode gåver til lag i Uskedalen, totalt 492 000 kr.

Gåvene betyr svært mykje for at laga skal kunna gjennomføra viktige og svært ønskjelege prosjekt. Sparebankstiftinga er såleis særs viktig for lags- og organisasjonslivet. Desse Uskedalsprosjekta blei tildelt gåver i denne omgang:

Vonheim fekk gåve til energisparing og til å ta vare på huset.
  • Uskedal idrettslag til støttemur på idrettsplassen på Heio.(Sjå biletet øverst): 100.000 kr.
  • Uskedal musikklag til innkjøp av instrument: 57.000 kr
  • Uskedal ungdomslag til 3 ulike restaurerings- og vedlikehaldsprosjekt på Helgheim: 270.000 kr
  • Forsamlingshuset Vonheim på Haugland til energisparing og til å ta vare på huset: 50.000 kr
  • Uskedal søndagsskule til familiekonsert med Bjarte Leithaug: 15.000 kr.

Det var svært mange søknader, og sjølv om heile 70 prosjekt fekk tildelingar, var det ein del som også fekk avslag. For desse og andre er det gode rådet å søkja i neste tildelingsrunde no i vår.

Det skjer stadig vedlikehald på Helgheim. No står 3 nye prosjekt på planen.
Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland