Vi kan ikkje unngå å leggja merke til den store teltleiren på Rabben Feriesenter denne helga. Lørdag føremiddag talde eg til 27 telt. Det er DNT Fjellsport Bergen som avviklar sitt årvisse arangement Basecamp Uskedalen der dei brukar naturen rundt oss til spreke og spennande naturopplevingar. Dei møttest på fredag, og innan dei reiser kvar til sitt på søndag ettermiddag har deltakarane vore gjennom eit innhaldsrikt program.

Svært fornøgde deltakarar saman med Annbjørg Svendal(nærast t.h.) i leiargruppa for campen.

Vi møtte ein gjeng svært fornøgde deltakarar som nytte sola i kveldinga laurdag rundt eit bord midt på plassen til Rabben Feriesenter.
Annbjørg Svendal som utgjer arramngementsgruppa saman med Ingvar Karlberg og Jenny Wille Young, var ei av dei seks rundt bordet. Ho kunne fortelja at dei tidlegare på dagen hadde hatt ein aldeles nydeleg tur til Ulvanåso, og resten av gjengen nikka og understreka den fine opplevinga. På det tidspunktet var framleis mange av deltakarane på campen ute på aktivitetar, og det var mykje anna å velja i. Nokre var på føringstur i Bjørndalstraversen medan andre var med førar på blåisvandring på Botnabreen. Nokre var på Storveggsklatring med førar i Vetletindpillaren i Ulvanåso. Andre fjellklatrarar hadde tatt turen til Eikedalen.

– Vi er 47-48 deltakarar, førarar og leiarar på campen. Nokre har vore her mange gonger, medan andre er nye. Det er viktig at dei skal få prøva aktivitetane vi tilbyr i trygge og flotte omgivelsar. Derfor er det mange turar og aktivitetar med røynde førarar og leiarar. Mange av oss har vore her mange gonger og er godt kjende med mulighetene i området. Det er jo eit fantastisk område som har mykje å by på, fortel Annbjørg Svendal og dei andre rundt bordet skryt også over kor flott det er her.
Annbjørg legg også til at dei er svært glade for at dei har fått støtte frå Bjørstadstiftelsen til campen. Det gjer det både billigare, og det gir mulighet til å leiga ekstra førarar.

Blåisvandringa på Botnabreen og storveggklatringa i Vetletindpillaren er på programmet søndag også. I tillegg vert det tur til Gygrastolen med førar. Det vert også ein tur til, men målet var ikkje heilt bestemt då eg snakka med dei, men eg forstod at Englafjellstur var svært så aktuelt.

Dei fleste deltakarane er busette i Bergen, men det var også innslag frå både Rogaland og Hardanger. Det sosiale er også viktig på campen, og eit høgdepunkt i så måte er grillmåltidet laurdag kveld. Eigaren av Rabben Feriersenter, Magne Heggøy, marinerer førsteklasses laks frå Hjønnevåg og står for grillinga. I det fine veret denne laurdagskvelden blei grillinga flytta ned til sjøkanten.
– Grillmåltidet er ein fast tradisjon som vi set veldig pris på. Slik har det vore i mange år, fortel Annbjørg Svendal, og dei nyttar muligheten til å rosa vertsskapet på feriesenteret.
– Dei tar så godt i mot oss og er så gjestfrie og hjelpsomme på alle måtar. Her har vi det heilt topp! seier dei glade for å vera tilbake etter eit års pause. I fjor blei det nemleg ikkje noko av Basecamp Uskedalen av naturlege årsaker, men dette er nok ein tradisjon som blir eit viktig tilbod frå DNT Fjellsport Bergen også i åra framover.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.