
Nabovarsel frå FESTIDALEN.
Snart brakar det laus på ny, og Festidalenleiinga har litt praktisk informasjon til naboar spesielt og uskedelingar generelt.
Kjerlandssido vert stengt ved Uskedal bru både fredag kveld og laurdag kveld under Festivalen. Oppsitjarar langs Kjerlandssido mellom Uskedal bru og gardsbarnehagen slepp forbi, men vi oppmodar sterkt om at alle som kan, køyrer Døsslandssido så lenge arrangementa på Dønhaug varar.
Festidalen vil ha god tryggleik for publikum, artistar, frivillige og naboar. Under arrangement med mykje publikum er det vakter til stades, både på arenaen og i nærområdet. I tillegg til frivillige vakter er det innleigd vaktselskap og politipatrulje.
Om det oppstår uønska situasjonar undervegs i festivalen, kan du ta kontakt med ein av vaktene eller direkte til Festidalen sin vakttelefon, nummeret finn du på heimesida. Dette nummeret kan du ringa for å varsla om ting festivalleiinga bør vite om, og som hastar. Dette er ein vakttelefon, og vi ønskjer ikkje spørsmål om billettar, opningstider og slikt til denne telefonen. Det er viktig at denne lina er minst mogleg i bruk i tilfelle
akutte situasjonar.
Festidalen er ein brei kulturfestival som set Uskedalen, Kvinnherad og Sunnhordland på kartet. Tre hundre menneske gjennomfører dette på dugnad utan anna løn enn gleda over å skapa noko som andre kan gle seg over. Det er også mange firma, organisasjonar, grunneigarar og einskildpersonar som bidreg med sponsormidlar, utstyr, løyve og annan hjelp. Vi rettar ein stor takk til dei alle!
Er du nær nabo til Dønhaug og slik direkte berørt av Festidalen, kan du søkja om nabopass som kompensasjon for eventuelle ulemper dette kan medføra. Festivalpasset er personleg, og kan ikkje overførast til andre. Søknad om nabopass må leverast innan onsdag 25. juni. Søknader som kjem etter dette vil ikkje bli handsama. Festidalen forbeheld seg retten til å avslå søknader. Søknad leverer du inn her: https://app.crescat.io/public-forms/cb9fd091-d64d-442d-8084-5ab16119aacb
Me treng framleis fleire frivillege på laget, om du kunne tenkt deg å vera med, kan du registrera deg her: https://app.crescat.io/public- orms/dfd4b9ef-7a71-4d32-b899- 765b9a4d91ee
Me gler oss, og håpar me ser deg på jordet!
Helsing Festidalen
Tekst: Presse Foto: Arkiv Nett: Kristian Bringedal