Det er truleg ikkje så mange som veit at kunst av Sigrid Øyrehagen er kjøpt inn til kunstsamlinga på Stortinget. Det var fyrst då tidlegare ordførar i Kvinnherad , Hans Inge Myrvold, no stortingsrepresentant for Senterpartiet, fekk ein monotypi av Sigrid på kontoret sitt, at vi vart merksame på samanhengen. Motivet er frå Rosendal med Skålagato og Malmangernuten i bakgrunnen.

I samtale med uskedalen.no fortel Hans Inge Myrvold at Stortinget har ei stor kunstsamling. Ved innrykk let administrasjonen representantane henta ut kunst ein ynskjer å ha på kontora sine. Myrvold merka seg motivet og at monotypien var laga av Sigrid Øyrehagen frå Uskedalen.

Sigrid budde på Døssland til ho var 16 år. Etter utdanning og etablering som kunstnar har ho hatt langt over 30 separatutstillingar, i tillegg til utstillingar saman med andre. Ho er innkjøpt av ei rekkje galleri, alt frå Nasjonalgalleriet til Kvinnherad kommune, no også Stortinget. Sigrid har utført mange utsmykkinsoppdrag. I den store produksjonen hennar finn vi raderingar, akvarellar og monotopi. Det siste er ein grafisk teknikk som straks gir resultat i trykkeprosessen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Inge Myrvold