
Mykje vatn i Skiftesbekken.
Mykje nedbør i natt og styrtregn mellom kl. 09 og kl. 11 gjorde at bekkene gjekk store i Englafjell. Ekstremt mykje vatn var det i Skiftesbekken som kjem ned i byte mellom Døssland og Feet. Den nye skogsvegen går i dette område. Det er lagt røyrar med stor kapasitet der elva går. Den store nedbørsmengda var lokal og kortvarig. Difor steig ikkje Uskedalselva så mykje. Eikeelva var derimot flaumstor.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal