Mykje godt arbeid på haustplanen til Dugnadsgruppa.
Dugnadsgruppa er i gang med arbeidet sitt etter sommarferien. Sist torsdag var dei på Flåtene og reparerte og forbetra taket på gapahuken. I dag var det Friluftslaget sin tur til å bli tilgodesett med viktige arbeidsoppgåver,- kløyving av ved, ny dørstokk, reinska renne langs vegen og elektroarbeid på arkivrommet. Uskedal Frilftslag har meldt inn ymse vedlikehaldsarbeid. Bilete på topp syner Ove Magne Myhre og Tore Nordahl-Pedersen i arbeidet med ny dørstokk på møterommet på Stemneplassen. Haustplanen ser elles slik ut:
- Merka sti på fjellet – til Kvilekvål
- Kløyva ved – Fjelly
- Gjera ferdig toppdekke på trapp – Vonheim
- Kumme og utedo ved den nye parkeingsplassen på Haugland
- Slåket på kverna -Bygdetunet Rød
- Anna førefallande vedlikhaldsarbeid
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Audun Eik / Kristian Bringedal