Uskedal Friluftslag kan i si årsmelding for 2020 syna til eit aktivt arbeidsår med renovering av møterommet og arbeid ute med planering og større oppstillingsplass for bilar. Det meste av arbeidet er gjort på dugnad. Takk til alle som har hjelpt til, også til Haugland Maskin for grusmassar og lån av maskin. Uskedal Bondelag hjelpte til med bortkøyring av ein stor risdunge.

Det var frammøte frå 6 av 10 medlemslag i tillegg til styret. Styret tok attval. Det same gjorde revisorane Hans Reidar Kjærland og Ståle Eik. Svein Rimestad og Thor Inge Døssland vart vald som valnemnd.

Kristian Bringedal er leiar. Med seg i styret har han: Ove Magne Myhre, Audun Eik, Jofrid Eik, Einar Gjersten. Varamedlemer: Trond Johannes Myklebust og Tormod Myklebust. Styret har i 2020 hatt fire styremøte og handsama 28 saker. Trass Covid 19 og nedstenging i periodar har plassen vore mykje brukt internt, til faste og meir tilfeldige brukarar.

Møterommet med isolert og nytt tak.

Audun Eik og Ove Magne Myhre har vore ansvarleg for alt arbeidet som er gjort med møterommet. Medlemer frå Dugnadsgruppa har hjelpt til. Det er utført 150 timar frivillig arbeid så langt. Innvendig tak er renovert med nye takbjelkar, isolasjon, takplater og ny armatur. El-anlegget er nytt. Det er laga luftspalte mellom tak og betongplate med luft inn og vifte for luft ut. Alle vindaugo på langveggen skal skiftast. Nytt golv kjem på plass til slutt. Restsum på prosjekt møterom er på vel kr. 50.000,-.

Det er frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad løyvd midlar til turvegar på friområde opp mot toppen på Skårhaug. Arbeidet vert utført, også med mykje dugnad, i 2021. Det er på planen å få flatskjerm på vegg og evt. montering av breiband. Det må koma litt på sikt.

Leigeprisane vert om lag som før, men det er laga prisgrupper for utleige til næring. Årsleige for frivillijge lag og grupper er kr. 1.200,-. Då har ein tilgang til plassen når ein måtte ynskja.

Det er god økonomistyring. Samla inntekter er kr. 117.150,-. Då er tilskot til renovering rekna med. Kostnader 2020: kr. 54.837,-

Møterommet er godt eigna til alle typar møte, øvingsrom for band og mindre grupper og arbeidsrom for lokalhistorisk arbeid.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland