Mykje folk og god stemning på korkafe i Helgheim.
Røysterett for Alle i samarbeid med Husnes Blandakor inviterte til Korkafe i Helgheim i går kveld. Gjesteartistane var kulturskulen sitt barnekor Mama Emmas. Ylva Helgesen frå Uskedalen var solist. Ho har ei god røyst og framføringa var god. Eli Mikkelsen var ein annan solist. Maria Malmsten er musikalsk leiar for barnekoret. Ho la inn samtale med jentene før kvart innslag.

Med mange aktørar gjekk arrangementet over vel to timar. Røysterett for Alle og Husnes Blandakor framførte fem songar i fyrste avdeling og to i andre. Opna med Hallelujah av Leonard Cohen. Både dirigenten og kormedlemene var godt nøgde med framføringa.

Innimellom var det allsong med ein gamal travar, Pengegaloppen, og ein ny: Lykklige Jim, med ein uventa og morosam slutt. Tonefylgje og song: Svein Rimestad og Haldor Tveit. Svein hadde også jobben med å vera festleiar.
Åresal, kaffi og kaker høyrer med på ein korkafe.
Neste på programmet for kora er julekonsertar, i Valen og i Åkra.

Tekst: Svein Rimestad/Kristian Bringedal Foto: Anne Grete Berge/ Venke Vetrhus Nett: Kristian Bringedal