Mykje folk og god song!
Nok ein gong blei det invitert til allsong på Kafè Tiaren slik det har vore tradisjon den siste tirsdagen i kvar månad i mange år. Det kom svært mykje folke til Tiaren, og det viser kor stor pris folk set på desse stemningsskapande allsongstundene. Denne gongen var det to tredjedeler av Rustne Menn, Kristian Bringedal og Svein Rimestad, som leia songstunda. Det gjorde dei på ein framifrå måte, og publikum song med så taket mest letta. Særdeles god song var det! Likevel var det spesielt. Blant musikarane mangla bassist og oppteljar Tore Nordal Pedersen som blei uventa råka av sjukdom for tre veker sidan. Mange gode tankar blei nok sendt til han, og alle i salen, både musikarar og publikum, sakna nok humørfylte og alltid positive Pederen med bassen. Alle håpar at det blir fulltallige Rustne Menn som leiar allsongen i framtida.
Allsongøkta fekk ein flott start med Johannes Kleppevik sin song Oldefar. Kleppevik sine songar er sikre vinnarar og fungerer særs godt som allsongar. Utover i programmet fekk vi to songar til frå den kjende kysttrubaduren: No kjem ein vals og Tar du med ei helsing. Innimellom blei det også krydra med Erik Bye (Gå til onkel), Sputnik (Zanzibar) og Ivar Medås (I natt eg drøymde.)
Midt i økta la dei to musikarane inn eit solonummer. Det var irsk musikk som dei blei inspirert til under ein pubkveld med Andrea Rice i Dønhaugkjedlaren for nokre år sidan. I Svein Rimestad si nynorske språkdrakt hadde den fått tittelen Dublin i min gråt.
Då siste nummer var ferdig, ønskte publikum meir. Dermed slutta økta som den begynte med Kleppevik sin Oldefar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland