Brødrene Musland Maskin AS frå Uskedalen er tildelt arbeidet med Erslandsparken på Sandvoll. Dei var best på pris med eit tilbod på 6,6 millionar kroner. Dimmelsvik Entreprenør var dyrast med 8,9 millionar kroner, medan Byggservice hadde ein pris på 7,4 millionar kroner. Arbeidet med Erslandsparken går ut på å utvikla skuleplassen på Sandvoll til ein fleirbrukspark, mellom anna med rulleskiløype og kunstgrasbane. Ein føresetnad for å starta arbeidet er å få ein godkjent finansieringsplan på plass. Arbeidet tek til på våren og vil sysselsetja to til seks personar. Bilete er henta frå Musland Maskin sitt arbeid med den nye skogsvegen på Døssland og Feet.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal